|

Eirik Ingebrigtsen fra Os er forfatter og forfatterkonsulent i Norsk Forfattersentrum, og står bak Litteratur på Mono og Forfatterforelesninga. Han har skrevet romanene Vesen (2001), Snø dempar lyd, tre lukkar inne (2003), Vendrakovic (2006) og ga tidligere i høst roman Viddesyn. Ingebrigtsen er også en sentral skikkelse på det norske forfatterlandslaget i fotball. Han avslutter spillernes bidrag til bokpallen.no med et tekst om høytlesing og gode historier.
Les mer om forfatteren og hans utgivelser her.

Å lesa, å fortelja
Eirik Ingebrigtsen
Når eg les godt for dei to døtrene mine, er det ikkje Börje Alstedt-godt, karakterstemmefenomenalt (Hemsöborna, Strindberg), for då seier berre ho eldste at eg skal lesa skikkeleg, og skikkeleg er med den stemma eg har, men likevel, når eg les godt, er det med ro og rytme, ei normalstemme som løper med teksten, eit løft inni der som ikkje kjem av situasjonen, som jo alltid er positiv, men av tekstens kvalitet, løftet frå det vi får inn i stemma og inn i dei to små hovuda, og då kan dei to vera så trøtte som berre det, og likevel få ein roleg og god avslutning på dagen. Samtalen veks opp frå teksten. Er boka dårleg, les eg ikkje godt, og då skjer det som alltid skjer, vi er to barn og ein vaksen som vender seg frå teksten, det går for fort mot mål, eller tenke-sakte fordi eg hoppar i teksten eller forenklar, utan forklaringsiver, og så snakkar vi om andre ting, distraherer oss sjølv; plukkar opp ei hårspenne frå golvet, ho yngste hentar eit batteridrive lokomotiv og fyrer av ein tut, ja, til og med rydding av stovebord eller nattbord, avhengig av kor lesestunda er, kan bli utført, i sitjande stilling og med boka fortsatt liggjande på fanget.
Når far min leste godt for meg, leste han ikkje frå ein tekst. Då dreiv han forteljarkunst etter minne, fortalde ut sine eigne barndomsminne, små anekdotar som blei til lange filmar inni hovudet mitt. Den gongen dei malte raude prikkar på hønene. Den gongen dei inviterte inn ein vinterkald tysk soldat frå vaktposten rett uti vegen, og han takka ja med redde auge. Den gongen ein av kameratane hekta skia si fast i appelsinkassen som var fundamentet i den preparerte hoppbakken borti åkerbakken. Den gongen han og brørne fekk juling fordi nokon hadde forsynt seg av farens tørka tobbakksblad oppe på loftet.
Når eg les dårleg frå ei bok neste gong, bør eg lukka igjen og henta fram mine eigne anekdotar: Då vi hoppa frå knausen i Rådmannskogen og ned på strømhus-taket. Då eg og ein kamerat spelte heile fotball-VM i 1986 fordelt på fem plenflekkar (Leon, Guadalajara, Monterrey, Puebla og olympiastadion i Mexico City) med ein liten skumgummi-ball og kjøkkenstolar til mål. Då eg og ein annan kamerat padla på eit isoporstykke rundt i kjellaren hans under ei oversvømming og fekk huden full av kjeft etterpå. Eller då vi gjekk på kål-slang og fekk meir kjeft. Krystallklare filmar. Vi treng ikkje alltid boka, berre forteljinga er der.
|