|

Den fyrste helga i juni arrangeres Brefestivalen i Jostedalen. Laurdag 5. juni blir det fyrstenedkøyring på Vangsen og høytlesing med Erlend Loe.
På årets Brefestival i Jostedalen kan du vere med på noko dei færraste får vere med på, nemleg ei fyrstenedkøyring på ski. Det er meldt strålande vêr til helga når Fimbul-førar Bjørnar Bjørhusdal tek med seg ei handfull folk for å køyre ned ei side av Vangsen som ingen før har køyrt ned. Turen startar etter opplesinga av Erlend Loe på Hytta på mannen.
Vangsen er eit kjend turmål i Sogn, og vart kåra til ein av dei beste vårskiturane i Noreg av UTE i fjor. Laurdag kan dei som er raske å melde seg på kan få høve til å oppleve dette fjellet frå ei heilt ny side, og køyre ned ein stad på fjellet som ingen før har gjort. Dette vert ein lang tur og krev gode skikunnskapar anten på telemark eller alpine turski.
Årets festival er full av spennande turar for friluftsfolk. Mellom anna les Erlend Loe les frå boka si Jotunheimen med utsikt mot Jotunheimen og ungane vert tekne med på klatring, padling og riding av erfarne guidar. Du kan lære å køyre bratt på brattkøyringskurs, filosofere på filosofisk bretur, rafte jostedøla eller ta den lange flotte skituren til Lodalskåpa. Att på til er det meldt flott ver, skriv festivalen i ei pressemelding.
Brefestivalen arrangeres frå 3. til 6. juni. Les meir her.
|